Opphavsrett

Frå Aorwiki

Versjonen frå 11. mai 2010 kl. 19:09 av Idal (Diskusjon | bidrag)
(skil) ←Eldre versjon | Noverande versjon (skil) | Nyare versjon→ (skil)
Gå til: navigering, søk
Opphavsrett er den råderetten som den som skapar eit åndsverk har over verket sitt. Dette kan vere eit litterært, kunstnarisk eller vitenskapleg verk.
Symbolet for opphavsrett/ copyright. Henta frå no.wikipedia.org

Denne retten er lovfesta i åndsverksloven (Lov om opphavsrett til åndsverk) Og opphavsretten gjeld i heile verda.

Døme på åndsverk kan vere
  • Tekst
  • Musikk
  • Bilete
  • Kunstverk
  • Dataprogram
  • Kart
  • osv...


Skaparen av eit verk har altså opphavsrett til verket sitt. Og det vert ikkje stilt krav til verken kvalitet eller omfang. Retten gjeld sjølv om verket både er dårleg og lite. Opphavsretten vernar form og presentasjon, ikkje innhald.

Opphavretten gir to kategoriar rettar, økonomiske og ideelle rettar. Dersom ein vil bruke eit åndsverk må dette gjerast utan at det krenkar skaparen, og minimum er at skaparen vert gjort kjend ved at han vert namngiven. Skaparen kan ikkje sette seg imot at andre nyttar hans åndsverk på ein slik måte at nye og sjølvstendige verk oppstår.

For skulen og lærarar er det nokre unntak frå åndsverkslova. Dette unntaket er gjennom Kopinor.

Opphavsretten gjeld ikkje for idear, fakta og kunnskap(forskingsresultat)

Døme:

Ein ny måte å sikre sin opphavsrett og lisensiere eigne digitale verk er gjennom Creative Commons (CC).



Lenkjer:

Lov og vett om opphavsrett Informasjonsside for elevar om opphavsrett.
Kopinor.no
Meir om opphavsrett
Personlege verktøy