Hjelp:Referansar

Frå Aorwiki

Gå til: navigering, søk

Denne manualen vil vise korleis du lager referansar som peikar til ein referanseliste nederst på sida. Referansane vil fortløpande verte nummererte frå ein og oppover. Eit eksempel på korleis dette fungerar finn du i artikkel om mytologi på norske Wikipedia. Denne manualen er eit utdrag frå manualen på wikimedia.org.

Korleis lage referansen

For å lage ein referanse brukar vi koden: <ref name="id">Teksten i referansen</ref>.

Etter at vi har lagra sida så vil referansen visast slik: [1]

Om du vil bruke name="id" er valfritt. Om du ønsker å referere til same referansen fleire gonger så kan der vere lurt å bruke name="id". Du bytter ut id med ein tekst som beskriver referansen din. Da kan du bruke <ref name="id" /> når du skal bruke referansen fleire gonger.

Videre følger eit døme på korleis ein lagar ein referanse:

<ref name="Perry">Perry's Handbook, Sixth Edition, McGraw-Hill Co., 1984.</ref>

Denne referansen vil vises slik: [2] i teksten. Om en treng å bruke referansen opp att kan dette gjerast slik:

<ref name="Perry" />

Den vil då vises slik: [2].

PS. Kva tal som referansen får er avhengig av kva rekkefølge dei har i artikkelen.

Korleis generere referanselista

For å generere referanselista så bruker du koden, <references/>, der du ønskjer å sette inn referanselista. Det er vanleg å ha denne nederst på sida.

Her er eit døme på korleis dette ser ut:

Referanser

  1. Teksten i referansen
  2. 2,0 2,1 Perry's Handbook, Sixth Edition, McGraw-Hill Co., 1984.


I dette dømet så vil lenka 2.0 gå til den første gangen det er referert til Perry, medan 2,1 vil vise til den andre gongen. Overskriften, Referanser, må de og lage sjølv.

Personlege verktøy