Creative Commons

Frå Aorwiki

Gå til: navigering, søk

Creative Commons (CC) er ein verdsomspennande organisasjon som arbeider med å lage ferdige avtalar (lisensar) om bruk av åndsverk. Desse avtalane har tilhøyrande symbol, som du kan leggje på bloggen din, på bilete, videoar og andre digitale produksjonar du har laga sjølv. Dei skal fortelje lesarane dine at dei kan bruke det du har laga til eigne produksjonar, men på visse vilkår. Lisensane kan byggjast opp av symbola nedanfor, i fleire kombinasjonar, alt etter kva opphavspersonen ønskjer.


Fil:deed_by.png Namngjeving - by.

Alle Creative Commons-lisensane påbyr "namngjeving", dvs. at for å få lov til å bruke eit åndsverk, så må brukaren oppgje namnet på den som har skapt verket. Dette er å rekne som god skikk, og det er dessutan i samsvar med norsk lov om opphavsrett til åndsverk.


Fil:deed_nd.png Inga bearbeiding - nd.

Dersom eit åndsverk er merka med symbolet "inga bearbeiding", kan ikkje den som ønskjer å bruke åndsverket gjere endringar på det. Dette er òg i samsvar med norsk lov.


Fil:deed_nc.png Ikkjekommersiell - nc.

Du kan med dette symbolet forby brukarane å bruke verket ditt i kommersiell samanheng, det vil seie at dei ikkje har lov til å tene pengar på bruk og/eller bearbeiding av åndsverket ditt. Dersom du til dømes lisensierer eit bilete med dette symbolet, kan ikkje biletet brukast i reklame og andre føremål som gjev økonomisk gevinst. Ein kan for øvrig gjere avtale med opphavspersonen om bruk av åndsverket til slike føremål.


Fil:deed_sa.png Del på same vilkår - sa.

Symbolet "del på same vilkår" fortel den som ønskjer å bruke åndsverket ditt, at han dele det vidare på same vilkår som du har sett for deling.


Eksterne lenkjer:

Utfyllande detaljar om Creative Commons-lisensar

Offisiell heimeside

Creative Commons Noreg

Lag din eigen lisens til å merke åndsverket ditt med

Animasjon som skildrar Creative Commons

Å dele det man skaper - Ei grunnleggjande oversikt over Creative Commons som særleg passar for born/skuleelevar.

Side med nyttig informasjons- og støttemateriell for lærarar

Personlege verktøy